Hornindal 11.12.2011:

Postet av Markane IL den 15. Des 2011

God deltaking i årets første krinsrenn.

Gaute Bø. Foto: Margunn HjelmesetSesongens første krinsrenn i skiskyting vart arrangert i Hornindal 11.desember.Det var god oppslutning om løpet. Heile 94 deltakarar stilte opp. Dei fleste av desse svært unge.

Markane IL hadde 19 lovande skiskyttarar på startstreken. Nokre heilt nye og nokre som alt har dreve med sporten i fleire år. Mange gjennomførte svært gode løp, og ein av skiskyttarane frå Markane IL gjekk heilt til topps i si klasse. Nemleg Kari Alsaker som vann J12 år etter eir godt gjennomført løp med berre ein bom.

Krinsrennet var også det første rennet i år som tel  med i kampen om årets Sparebankkrus.

 

Gaute Bø (foto) kom på 3.plass i G15.

På lenkja nedanfor finn du komplett resultatliste for krinsrennet:

Resultatliste krinsrenn skiskyting i Hornindal 11.12.2011

 

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline