Lygna 11.12.2011:

Postet av Markane IL den 11. Des 2011

Johannes Thingnes Bø til topps på sprinten i Norgescupen!

Johannes Thingnes Bø. Foto: John Roger Meland

Johannes Thingnes Bø vann sprinten for klassa menn 19 år under Norgescupen på Lygna. Foto: John Roger Meland

Også i dag vart det ein strålande dag for skiskyttarane frå Markane IL/Nordfjord Team under Norgescupen på Lygna. Best gjekk det for Johannes Thingnes Bø som var tilbake på toppen i klasse menn 19 år. Med fullt hus på liggjande skyting og to bom på ståande vann han sprintløpet med 20 sekunds margin til Per Arne Bakken frå Os IL som skaut fullt hus.

Johan Eirik Meland som vann i går, gjorde også i dag eit godt løp sjølv om marginane ikkje var heilt på hans side. Med to bom på ståande skyting vart det ein sjetteplass. Differansen fram til vinnaren Kristian Andre Aalerud Frå Bærums Skiklubb var på 40 sekund, men det skilde berre 6 sekund frå Johan Eirik opp til andreplassen som i dag var delt mellom Simon Ågheim Kalkenberg og Håkon Livik. Resultatet øydela også for uttaket til ungdoms-OL. Med femteplass eller betre på sprinten i dag ville Johan Eirik vore sikra plass her.

Lars Midthjell Gjørven levert også eit flott løp i klasse menn 17 år. Med fullt hus på liggjande og tre bom på ståande heldt det til ein femteplass. Vinnar av klassa vart Isak Flo Bødal frå Stårheim IL/Nordfjord Team. Differansen frå Lars til vinnaren var i dag på 1min 2 sekund.

Lars Midthjell Gjørven. Foto: John Roger Meland

Lars Midthjell Gjørven kom på 5.plass i klassen menn 17 år. Foto: John Roger Meland.

Dei andre løparane frå Markane IL som gjekk sprinten oppnådde i dag følgjande plasseringar: Janne Alsaker vart nr 29 i kvinner 18 år med 6 rundar, Jarle Midthjell Gjørven nr 18 med 3 rundar i klasse menn 19 år og Runar Netland nr 38 med 4 rundar i klasse menn 19 år.

Komplett resultatliste for sprinten, Norgescup Lygna 11.12.2011

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline