Hochfilzen 11.12.2011:

Postet av Markane IL den 11. Des 2011

Suveren sisteetappe av Tarjei Bø gav stafettgull!

Tarjei Bø. _Foto: FjordingenTarjei Bø gjekk ein svært god siste etappe på verdscupstafetten i Hochfilzen og sikra med det norsk siger.

Rune Brattsveen gjekk første etappe. Etter ein bom på første skyting og tre på andre låg Noreg nede på 12. plass ved første veksling. Lars Berger gjekk raskt i sporet, men måtte ut i strafferunde etter ståande skyting. Dermed låg det norske laget på åttande plass med 54 sekund opp til teten ved andre veksling. Emil Hegle Svendsen gjekk ein svært god tredje etappe. Etter to fulle hus og god fart i sporet kunne han sende Tarjei Bø ut på siste etappe side om side med Russland og Frankrike.

Fullt hus på første skyting gav Tarjei ei leiing på om lag 20 sekund. Ei leiing som berre auka inn mot ståande. Etter ein perfekt ståande serie var det reine parademarsjen for Tarjei inn mot mål til årets første stafettsiger. Russland tok sølv og Frankrike bronse.

Verdscupen held fram med sprint i Hochfilzen 15.desember på grunn av snømangel i Grand Bornard i Frankrike der renna eigentleg skal gå.

 

 

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline