Hochfilzen 08.12.2011:

Postet av Markane IL den 11. Des 2011

6.plass til Tarjei Bø på sprinten i Hochfilzen.

Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Tarjei Bø skaut glimrande på dagens verdscupsprint i Hochfilzen med to fulle hus. Dessverre var ikkje farten i sporet heilt på topp i dag, men det heldt likevel til ein solid sjetteplass og eit godt utgongspunkt før jaktstarten på laurdag 10.desember.

Vinnar av dagens sprint vart Carl-Johan Bergman frå Sverige. Andrei Makoveev frå Russland vart nummer to medan Benjamin Weger frå Sveits kom på tredjeplass. Best av dei norske vart Emil Hegle Svendsen på fjerdeplass. Avstanden frå Tarjei Bø opp til Bergman var berre 30.4 sekund så alt er mogleg på jaktstarten.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline