Cupen 2011:

Postet av Markane IL den 3. Nov 2011

Samanlagtresultata for cuprenna 2011.

Cuprenn 2011. Foto: Margunn Hjelmeset

Frå startfeltet i cuprenn 1 sesongen 2010/2011. Foto: Margunn Hjelmeset

Under premiefesten 28. oktober vart det delt ut mange premiar til store og små skiløparar i laget. Alle under 15 år som deltok på eit eller fleire cuprenn fekk premie. I tillegg fekk 1/3 av deltakarane over 15 år premie for innsatsen. Samanlagtlista for cuprenna 2010/2011 er lagt ut her.

Samanlagtresultata er rekna ut etter same system som blant anna Nordfjordkarusellen nyttar. Plasseringa i kvart enkelt renn vert sett til å vere poengsummen i rennet. Det vil seie ein første plass gjev eitt poeng medan ein femteplass gjev fem poeng osv. Dermed er det om å gjere og få så låg sum som mogleg til slutt. I tillegg vert lista bestemt av kor mange løp ein har deltek på. I år var alle fire løpa teljande. Løparar med fire deltakingar vert rangerte føre deltakarar med tre løp og vidare nedover.

I årets dameklasse stilte tre løparar opp. Vinnar samanlagt vart Janne Alsaker. I herreklassen var der 18 deltakarar. Dermed blei det delt ut seks premiar her. Årets samanlagtvinnar vart Roar Alsaker. På dei neste plassane følgde: Lars Midthjell Gjørven, Eirik Bøe, Sigbjørn Fænn, Gunnar Harstad og Johannes Thingnes Bø.

Foto frå årets premiefest vert lagt ut snart...


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline