Strynemessa 07.10.2011:

Postet av Markane IL den 20. Okt 2011

Vinnar av årets idrettspris i Stryn: Johannes Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø. Foto: Inge Asbjørn Haugen

Johannes Thingnes Bø vart tildelt "Årets idrettspris i Stryn 2011" under Strynemessa 7.oktober. Klemet Bø mottok prisen på vegne av Johannes som er på veg til landslagssamling i Sverige.

Johannes fekk prisen for prestasjonane førre vinter då han sletta Ole Einar Bjørndalen sin gamle rekord i tal på cupsigrar. Fjorårssesongen gav full pott i talet på cupsigrar, NM-gull i både skiskyting og langrenn, gull i ungdoms-OL i Liberec og 6.plass i senior-NM i skiskyting.

 

Johannes Thingnes Bø delte utmerkinga "Årets idrettspris 2011" med 72 år eldre Gudmund Skrivarvik som har vunne menge medaljar i veteranmeisterskapa i både NM, EM og VM.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline