Fylkestinget 18.10.2011:

Postet av Markane IL den 18. Okt 2011

Markane IL tildelt Sogn og Fjordane fylkeskommune sin trafikktryggingspris for 2011!

Klemet Bø mottok trafikktryggingsprisen frå Åshild Kjeldnes og Nils R Sandal. Foto: Sogn  og Fjordane fylkeskommune

Klemet Bø mottok trafikktryggingsprisen 2011 på vegne av Markane IL. Prisen vart utdelt av leiar for trafikktryggingsutvalet Åshild Kjelsnes (t.v) og avtroppande fylkesordførar Nils R. Sandal (t.h). Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Markane IL er tildelt Sogn og Fjordane fylkeskommune sin trafikktryggingspris for 2011. Klemet Bø mottok prisen på 25 000 kr på vegne av laget under opninga av fylkestinget tysdag 18.oktober.

I grunngjevinga for pristildelinga står det mellom anna: "Anlegget har redusert risikofylt rulleskiaktivitet på det offentlege vegnettet i indre Nordfjord til eit minimum. Tidlegare gjekk om lag all rulleskiaktivitet på vegane. Dette utgjorde ein stor trafikal risiko for både born, unge, mosjonistar og utøvarar på høgt nivå. Med rulleskibana på Ullsheim har Markane Idrettslag gjort ein stor innsats for å få aktiviteten inn på ein trygg arena. Bana er universelt utforma og høver såleis også godt for handikapidrett."

Leiar i det fylkeskommunale trafikktryggleiksutvalet, Åshild Kjelsnes (Ap) sa vidare under utdelinga at rulleskianlegget på Ullsheim framstår som eitt av landets fremste, og er blitt eit viktig bidrag til å skape tryggare treningsforhold.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline