Gloppen 28.-29.10.2011:
Postet av Markane IL den 12. okt 2011
HAUSTSAMLING FOR UNGE ORIENTERINGSLØPARAR
Gloppen, 28.-29.oktober 2011.
Sogn og Fjordane Orienteringskrins inviterer til haustsamling for orienteringsungdom
i Gloppen, 28 og 29 oktober .
Frammøte: Gloppen Camping kl. 18.00
Målgruppe:
Ungdom som vil bli med på o-løp i og utanfor o-krinsen
Aldersgruppe: 13 år og oppover
Innhald: (Meir detaljert innhald kjem seinare).
Fredag 28 oktober:
-Nattløp
-Korleis det var på Hovedløpet i 2011- innlegg frå dei som deltok.
-Vi set oss mål for 2012.
-Utdeling av overtrekksjakker sponsa av Sparebanken Sogn og Fjordane.
Laurdag 29 oktober:
Korleis halde på det gode miljøet i o-krinsen og samstundes gje eit tilbod til dei som ynskjer å ha orientering som " førsteaktivitet".
Andreas Magerøy, Frol IL, blir med og leier diskusjonen.
O-teknisk økt , eksempel på korleis du kan trene o-teknikk på eiga hand.
Overnatting/ mat: Gloppen Camping. Alle tek med seg brødmat og eigen drikke.
Krinsen kjøper inn pizza fredag.
Den enkelte tek med:
O-utstyr, gode overtrekkskle, kompass, EKT-brikke og reservelys ( hodelykt). Du treng ikkje sovepose. Innesko og tørre bytekle.
Påmelding innan 17.oktober 2011
Dersom nokon ønskjer å delta, så send påmelding til antoniak@online.no så vidaresender Markane IL alle påmeldingar samla.
Avgift: Kr. 100 pr. samling, vert kravd inn av o-krinsen i etterkant
Instruktørar/leiarar: Andreas Magerøy, Gunnar Gytri, Norvald Ospehaug og representantar for lokale klubbar.
Markane IL oppfordarar ungdom i laget som er interessert i orientering i å delta på samlinga!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Miljøsamling 26.-27.9.2026
14.09.2026
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Kategori
Arkiv
Juni 2026 (3)
April 2026 (4)
Mars 2026 (3)
Februar 2026 (7)
Januar 2026 (6)
2025 (92)
2024 (66)
2023 (26)
2022 (43)
2021 (21)
2020 (51)
2019 (60)
2018 (64)
2017 (93)
2016 (195)
2015 (214)
2014 (264)
2013 (266)
2012 (231)
2011 (201)
2010 (57)
2009 (59)
2008 (70)
2007 (60)
2006 (51)
2005 (68)
2004 (33)
2003 (14)
1753 (1)