Olden 30.09-01.10.2011:

Postet av Markane IL den 22. Sep 2011

AKTIVITETSLEIARKURS I BARNEIDRETT
Olden, 30.09-01.10.2011
 
 Logo barneidrett
 
Olden IL inviterer i samarbeid med Norges idrettsforbund til aktivitetsleiarkurs innan barneidrett.
Dette er eit godt tilbod og Markane IL håper det finst medlemmar i laget vårt som ønskjer å delta på kurset!
 Styret har vedteke å dekkje heile kursavgifta.
 
Målgruppe:
  • Instruktørar og leiarar i barneidrett/idrettskular
  • foreldre/føresette
  • ungdom
  • personell i barnehagar/SFO
  • andre som legg til rette fysisk aktivitet for born
Det er ingen krav til førkunnskap og ingen kurseksamen.
 
Tema:
Kurset skal gje ei innføring i barneidrett generelt.
Korleis lage gode lærings- og aktivitesmiljø?
 Tilrettelegging av aktivitetar
Trenarrollen
Teori-praksis
 
Kurstid:
 
Fredag 30/9  kl.18.00-21.30
Laurdag 1/10   kl. 09.30-ca. 16.00
 
Kurslærar er Oddvar Flataker.
 
Kursavgift:
 
Heile kursavgifta vert dekka av Markane IL!
 
OBS!  Påmelding:
 
Offisiell frist for påmelding er torsdag 22. september.
Så dei som ønskjer å delta må bestemme seg snarast!
 
For at Markane IL skal ha oversikt over kven som deltek, er det fint om alle sender
påmeldinga til epost antoniak@online.no
Laget vidaresender så påmeldingane samla til idrettskrinsen!
 
Heile invitasjonen finn du utlagt her.
 

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.