Meråker 17.09.2011

Postet av Markane IL den 18. Sep 2011

NM i rulleski:

Gull til Johannes Thingnes Bø og sølv til Jarle Midthjell Gjørven

Gull til Johannes og sølv til Jarle under NM rulleski 2011. Foto: John Roger Meland

Pallen i klasse menn 19: Gull til Johannes Thingnes Bø, Markane IL, sølv til Jarle Midthjell Gjørven, Markane IL og bronse til Aasmund Kjøllmoen Steien, Folldal IL. Foto: John Roger Meland

Under dagens sprint på NM rulleskiskyting vart det dobbeltsiger til løparar frå Markane IL i klasse menn 19 år. Johannes Thingnes Bø kom i mål på tida 18.34,8 og gjekk heilt til topps i klassa medan Jarle Midthjell Gjørven kom på sølvplass vel 1min27 sekund bak. Begge leverte solid skyting med berre ein strafferunde kvar. I same klassen kom Runar Netland på 19. plass med tida 22.17,3 og tre rundar.

I klasse menn 18 år kom Johan Eirik Meland i mål til ein sjuandeplass etter tre strafferundar. Han var omlag 48 sekund etter vinnaren, Vemund Ravnsborg Gurigard frå Vingrom IL.

Også i klassa menn 17 år var det ein løpar frå Markane IL på start. Lars Midthjell Gjørven vart her nummer 11. Med fire rundar totalt kom han i mål 1 min 43 sek etter vinnaren Isak Flo Bødal frå Stårheim IL/Nordfjord Team.

Stårheim IL/Nordfjord Team fekk også vinnaren i klasse kvinner 18 år der Heidi Flo Bødal gjekk heilt til topps.

Tarjei Bø deltok i seniorklassen. Med to bom på liggjande og tre på ståande vart det berre sjetteplass denne gongen. I morgon er det klart for jaktstart og då er avstanden opp til dagens vinnar Rune Brattsveen frå Nordre Land IL på 2 min 12sek.

Alle resultat frå sprinten i rulleski-NM er utlagde her.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline