Motbakkeløp 10.09.2011:

Postet av Markane IL den 9. Sep 2011

Invitasjon til Skarsteinsetra Opp 10.september.

Skarsteinsetra Opp. Foto: Olden IL

Vårt nabolag Olden IL inviterer til nyoppstarta motbakkeløp "Skarsteinsetra Opp" laurdag 10.september. Løpet er omlag 4,7 km langt. Det er høve til å stille opp enten som mosjonist eller i konkurranse. Det er også eigen konkurranseklasse for sykkel!

Trimklasse:

 Start mellom 11.30 og 13.30. Startkontingent kr. 50. Familie kr 100. Påmelding ved start. Registrering ved start og mål. Deltakaravgift skal betalast til konto 3770.20.32211.

Konkurranseklassar:

Start kl.14.00. Felles start for løparar og syklistar. Startkontingent kr 200 ved førehandspåmelding. Påmeldingsfrist fredag 9/9 innan 23.59 til epost: hans.petter.galtung@sfj.no eller til tlf 90 41 81 86 eller via online-påmelding på sportsadm. Etterpåmelding kan gjerast på løpsdagen fram til kl.13.00. Det vert då 50 kr ekstra i påmeldingsavgift! Startavgift betalast til konto 3770.20.32211.

Invitasjonen ligg utlagt nedanfor. Sjå elles arrangørens heimeside for oppdatert informasjon.

 

 

Skarsteinsetra opp

Nytt motbakkeløp i Olden laurdag 10. september.

Eigen konkurranseklasse for syklistar.

Olden IL inviterer løparar, syklistar og trimmarar til eit nytt motbakkeløp i den vakre turistbygda Olden.

Løypelengde :

ca. 4, 7 km. Høgdeskilnad : 400m.

Løypebeskrivelse :

Start i Olden Sentrum. Asfalt 2,1 km. Resten er grusveg (gardsveg/skogsveg) . Frå start 600m tilnærma flatt. Deretter 900m moderat stigning. Så 1 km flatt/lett stigning. Siste 1,7 km moderat/bratt stigning.

Trimklasse :

Alle kan delta uansett alder.

Start mellom 11.30-13.30

Startkontingent kr. 50,- Familie kr. 100,- Kontonr: 3770.20.32211

Påmelding ved frammøte. Registrering ved start og mål.

Konkurranseklasser :

Start kl. 14.00 i Olden sentrum.

Syklistar og løparar startar på same tidspunkt.

Klasseinndeling : D/H : 15-17 år, 18-20 år, 21-29 år, 30-39 år, 40-49 år, 50-59 år, 60-69 år, 70 +

Startkontingent

: kr. 200,- ved førehandspåmeling. Etteranmelding løpsdagen kr. 300,- seinast 1 time før start. Kontonr: 3770.20.32211

Påmelding

:

Seinast fredag 9/9 kl.23.59. Påmelding til Hans-Petter Galtung , hans.petter.galtung@sfj.no eller på tlf. 90418186 eller online-påmelding på sportsadm.

Premiering :

Deltakarpremie. Vanleg premiering i konkurranseklassane. I tillegg uttrekkspremiar i trimklassa.

Sal av grillmat på Skarsteinsetra.

Premieutdeling på Skarsteinsetra etter løpet. Trimmarane får sine premiar ved registrering på setra.

Ved dårleg ver kan premieutdelinga bli flytta til Olden sentrum.

Praktiske opplysningar :

Konkurranseløparar kan sende ekstra kle til målområdet.

Garderobar: Olden skule. Ca. 200m frå startområdet.

Parkering

: Olden Sentrum. Det er ikkje lov å køyre bil til målområdet (Skarsteinsetra) løpsdagen. Det er heller ikkje høve/ plass til å parkere langs løypa eller på Gildestad.

Olden IL

Friidrettsgruppa


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline