Pulsrunden:

Postet av Markane IL den 27. Aug 2011

PULSRUNDEN 2011

Ullsheim søndag 4.september kl.15.00

Pulsrunden 2011

Markane IL inviterer til Pulsrunden 2011 på Ullsheim søndag 4.september frå kl.15.00.
Løpet inngår som ein del av feiringa av Norges Idrettsforbund sitt 150 års jubileum.
Pulsrunden skal vere eit arrangement som alle har høve til å delta på!

Korte løyper ( 1 km til 3,5 km):


Løpet går her på den nye rulleskibana på Ullsheim.

Løypa er godt tilrettelagt for rullestolbrukarar, rulatorar, barnevogner m.m
Her skal alle kunne stille opp.
Løypa vert merka etter 500 meter, 1 km og 1,5 km.
Du bestemmer sjølv kor langt du vil gå før du snur!
Heile løypa er omlag 3,5 km

Lang løype 5km:

Her kan du teste formen på ei 5 km lang løype. Løypa går på godt underlag av grus og flis.
Du vel sjølv kva tempo du vil nytte. Det vert tidtaking for dei som ønskjer.
Dette er først og fremst ein konkurranse med deg sjølv.

Ved målgong vert det høve til å sjekke resultatet ditt mot formtest-tabella frå Norsk Friidrett.

Startkontingent:

Vaksen: kr 50 Born (født 1996 eller seinare): kr 30 Familie: kr 150

Alle som fullfører, får "Pulsrundenmerket" som deltakarpremie!

Kiosk i start-/målområdet.

Velkomen til Ullsheim!

Arrangør: Markane IL

I samarbeid med:


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.