Skåla opp 13.august 2011:

Postet av Markane IL den 12. Aug 2011

Johannes Thingnes Bø vann si klasse i årets Skåla Opp!

Johannes Thingnes Bø (arkivfoto frå Postvegløpet) vann klassa menn 18-19 år med den gode tida 1.22,09 under årets Skåla Opp. Jarle Midthjell Gjørven kom på 13. plass i same klassa med tida 1.41,51

I alt seks løparar frå Markane IL stilte opp i konkurranseklassane.

I klassa menn 15-17 år blei det tredjeplass til Johan Eirik Meland med tida 1.31,44 medan Lars Midthjell Gjørven vart nummer åtte med 1.38,35. Vinnar av denne klassa vart Einar Trefall frå Eksingedalen på 1.27,55

I klassa menn 40-44 vart det 8.plass til Sigbjørn Fænn på tida 1.32,14. Vinnar her vart Pål Bjørn Øvrebust på 1.26,43. Jan Egil Gjørven vart nummer 61 i klassa menn 45-49 på tida 2.08.01.

Best av alle i årets Skåla Opp var Ahmed Arslan frå Tyrkia som sette ny rekord med 1.07.38! I kvinneklassa gjekk sigeren til Antonella Confortola Wyatt frå Italia med tida 1.23,05.

Meir om årets Skåla Opp er å finne på arrangørens heimeside.

 

 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline