Orientering:

Postet av Markane IL den 13. Aug 2011

Markane IL arrangerer KM-mellomdistanse laurdag 20.august.

Laurdag 20.august står Markane IL som arrangør for orienteringsløpet KM-mellomdistanse. Løpet startar kl.15.00.

Samlingsplass vert ved Tonning- og Vikasætra. Det vert merka frå Esso stasjonen i Stryn.

Påmelding til Per Øen på epost per-oee@online.no med kopi til adressa per.oen@tussa.no innan fredag 19.august kl.16.00.

 

Heile invitasjonen finn de nedanfor.

Velkomne på KM!

 

Markane IL inviterer til

KM-mellomdistanse laurdag 20.august.

 

Samlingsplass: Tonning- og Vik-sætra, ca. 20 min. frå RV15, merka ved Esso like vest for Stryn sentrum. Bompenge-veg frå Stryn Skisenter (kr. 20)

Parkering like ved samlingsplass.

Enkel kiosk.

Kart: Utsnitt av kartet "Tverrfjellet". Målestokk 1:10000 og 1:5000, ekvidistanse 5m , laserutskrift. Kartet utgjeve til NV-galoppen 2006, men markpreparerte skiløyper teikna inn 2011.

Start: Kl. 15.00 – ca. 5 min. å gå til start

Løyper og klassar (KM-klassar med utheva skrift)

Ca. lengde Klassar Kartmålestokk

3,5km – A H 17-18, H 19, H 45 1:10000

2,5km – A D 19, H 15-16, H 55, H 65, D/H open A 1:10000

2,0km – A D 15-16, D 45, D 55, D 65 1:10000

2,0km – B D 13-14, H 13-14 1: 5000

2,0 km – C D 11-12, H 11-12, D 13-16 C, H 13-16 C, D/H open C 1: 5000

1,5km – N D/H 11-12 N, D/H 13-16 N, D/H open N 1: 5000

Småtroll på samlingsplass (kr. 25) Meld frå om behov for barneparkering ved påmelding.

Påmeldingsfrist: Fredag 19. august kl. 16.00 på e-post til Per Øen, per-oee@online.no med kopi til per.oen@tussa.no 

Påmeldinga skal innehalde namn, klasse og brikkenr. (brikkeleige kr. 25, gje beskjed om eventuell leige ved påmelding)

Påmeldingsavgift: Løparar tom. 16 år kr. 75, etterpåmelding + kr. 25. Løparar fom 17 år kr. 125, etterpåmelding + kr. 50

Premiering: Medaljar + 1/3 i KM-klassane, elles ½ i klassane 13-16 år. Premie til alle løparar tom 12 år, alle N-løparar og vinnar i Open A og Open C.

Garderobe: I det fri (elv ved samlingsplass)

Kontaktpersonar

Løpsleiar: Per Øen, telefon 900 54 238

Løypeleggarteam: Dag Arne Eide, Per Øen, Henning Heimlid

Teknisk delegert: Irene Margrete Lunde, telefon 413 24 798

Velkomne til o-løp!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline