Beitostølen 31.07-05.08.2011

Postet av Markane IL den 9. Aug 2011

Sommarskiskule på Beitostølen.

Sommarskiskule på Beitostølen med Oddbjørn Hjelmeset. Foto: Margunn Hjelmeset

Framme frå venstre: Erik Rauset, Jon Rolf Skamo Hope, Andreas Rauset og Camilla Eimhjellen frå Fjellhug/Vereide og Hyen
Andre rekke frå venstre: Aksel Meland, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Magnus Arntsen (alle Markane IL) og Eskil Kveen, IL Veten
Bak er sjefen sjølv Odd-Bjørn Hjelmeset og Vegard Hegrenes frå Førde Foto: Margunn Hjelmeset

Tre unge utøvarar frå Markane IL var blant deltakarane på Oddbjørn Hjelmeset sin sommarskiskule på Beitostølen i perioden 31.juli til 5.august.

Sommarskiskulen hadde morosame tilbod som rulleski, gjørmefotball, styrke- og intervalltrening, fjelltur og mange andre tøffe og sosiale aktivitetar. Det vart ei kjekk veke som freistar til gjentaking!

Foto viser unge deltakarar frå Sogn og Fjordane saman med Oddbjørn Hjelmeset.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline