Tarjei Bø leiar verdscupen samanlagt!

Postet av Markane IL den 20. Des 2010

Etter 2.plass på sprinten i Pokljuka leiar Tarjei no verdscupen samanlagt!

Tarjei under sprinten i Pokljuka. Foto: NRK

Etter å ha blitt beste norske med ein 12.plass på 20 km i Pokljuka, leverte Tarjei eit nytt palløp på sprinten. Etter å ha fått ein strafferunde på liggjande skyting leverte Tarjei ei fantastisk oppvisning på ståande. Fem blinkar rett ned og god fart i sporet gav ein flott andreplass berre 5 sekund etter svenske Bjørn Ferry som skaut feilfritt.

Denne prestasjonen fører Tarjei heilt opp i leiinga i verdscupen. Med 329 poeng så langt leiar han med 23 poeng på Emil Hegle Svendsen som ligg på andreplass med 306 poeng. Ole Einar Bjørndalen ligg på tredjeplass i samanlagtcupen med 265 poeng.

Dermed skal Tarjei gå ut med den gule leiartrøya når verdscupen startar oppatt med renn i Oberhof i Tyskland rett over nyår!

 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline