Tre sigrar til Tarjei Bø i Hochfilzen!!

Postet av Markane IL den 12. Des 2010

Under verdscuprennet fredag 10.desember i 10 km sprint tok Tarjei Bø sin aller første siger i verdscupen!

Det var tett snøver under sprinten i Hochfilzen og dette skapte svært vanskelege tilhøve på standplass. Liklevel skaut Tarjei fullt hus på både liggjande og ståande og gjekk i mål heile 27,5 sekund før Sergej Sednev, Ukraina, på 2. plass og 33,3 sekund før tredjemann Alexis Boeuf, Frankrike. Emil Hegle Svendsen følgde på 4.plass og Ole Einar Bjørndalen kom på 10.plass.

Tarjei Bø, jaktstarten i Hochfilzen 11.12.2010. Foto: NRK

Som følgje av denne fantastiske prestasjonen gjekk Tarjei ut som førstemann på jaktstarten med eit føresprang på 27,5 sekund til næraste konkurrent!
Ingen var i nærleiken av å truge Tarjei på jaktstarten i Hochfilzen. Han leia frå start til mål. Med 19 av 20 moglege treff og god fart i løypa vann han suverent. På andre plass, 38,7 sekund bak, følgde Simon Eder frå Østerrike medan Ivan Tcherezov frå Russland kom på tredjeplass, 40,0 sekund bak.

Denne prestasjonen betyr også at Tarjei no ligg på andreplass i verdscupen med 246 poeng. Emil Hegle Svendsen leiar verdscupen så langt med 257 poeng.

Klart for liggjande skyting på stafetten. Foto: NRK

Etter desse flotte individuelle prestasjonane var det klart for ankeretappen på søndagens stafett. På laget gjekk også Alexander Os, Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen. Etter første etappe veksla Noreg på 10.plass etter at Alexander Os måtte ut i strafferunde. Ole Einar Bjørndalen gjekk laget fram i tet. Ei leiing som heldt heilt til mål. Emil Hegle Svendsen sendte Tarjei ut på ankeretappen med eit føresprang på 30 sekund. Tarjei auka til østerrikaren Landertinger i sporet og trass to ekstraskot på liggjande, var det aldri tvil om kor sigeren skulle gå. På ståande skyting imponerte Tarjei nok ein gong og skaut alle fem blinkane rett ned. Dermed var avstanden til Østerrike ved målgong auka til omlag eit minutt og den  tredje sigeren i løpet av like mange dagar eit faktum.

Markane IL gratulerer deg Tarjei med verdscupsigrane! Fantastisk!!

 

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline