AVSLUTNING PÅ BARNEIDRETTSSKULEN HAUSTEN 2010

Postet av Markane IL den 7. Des 2010

Trening på barneidrettskulenTysdag 23.november var siste gong med  barneidrettsskule  før jul.

Etter å ha vore på golfbana, hatt orientering, vore på fjelltur, vore nokre gongar i gymsalen i Bø og eit par gongar i bassenget, avslutta vi med bowling. Vi hadde ein fin kveld der alle gav alt for å få ned kjeglene.        

   


Gruppe frå barneidrettskulen

Ei runde var nok for mange, men dei ivrigaste bowla seg gjennom to runder:)
Alle tretti som hadde møtte opp, fekk seg tidleg julegåve, nemleg kvar sin gensar.

Vi takkar for no, så startar vi opp igjen i januar med mange kjekke aktivitetar utover vinteren og våren.
Vel møtt:)

Fleire foto frå haustsesongen finn du ved på klikke på lenkja under:

Avslutninga på barneidrettskulen hausten 2010 samla heile 30 born til triveleg bowlingkveld.

Alle som var til stades på avslutningskvelden

Ei gruppe på fire av dei som deltok på bowlingkvelden:

Fire av deltakarane p åbowlingkvelden

 

Vel møtt til ny sesong med barneidrettskulen på nyåret 2011!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline