Markane IL representert i WorldCup og Europacup

Postet av Markane IL den 15. Nov 2010

Ei fantastisk åpninghelg på Beitostølen er over.  Tarjei toppa det heile med å vinne sprinten på laurdag, etter å ha gått eit godt langrenn dagen før (13. plass)  Dermed var han sikra uttak til verdenscup'en, og stod dermed over fellesstarten på søndag; for restitusjon.

Johannes gjorde og sine saker svært bra denne helga. (Han fekk starte utifrå den gode plasseringa han hadde i Norgescup'en i fjor)  Det vart 25. plass på sprinten og 20. plass på fellesstarten, etter å ha gått ut som nr. 4 etter andre skyting (med bl.a. Bjørndalen bak seg....)  Dermed er Johannes no utteken til IBUcup på Beitostølen den 27/28 november

Snakk om god sesongstart !!!!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline