Alt klart for rulleskibane på Ullsheim!

Postet av Markane IL den 8. Jun 2010

Det omframme årsmøtet vedtok måndag 7.juni samrøystes å starte utbygginga av den planlagde rulleskibana på Ullsheim. Rulleskibana er kostnadsrekna til 5,5 mill og etter intens jobbing er endeleg finansieringa på plass. Ikkje minst takk vere Trond Mohn sitt fantastiske bidrag på 2,45 mill kr.

Dermed vert det anleggsstart snarast mogleg, truleg midt i juni, og etter planen skal bana stå ferdig på hausten i år.

Rulleskibana vil gje Ullsheim nye treningsmoglegheiter på sommarstid og er eit skikkeleg løft for laget.

Meir info om denne saka kjem om litt..

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline