Thingnes Bø vann Postvegløpet 2010

Postet av Markane IL den 6. Jun 2010

Johannes Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø (biletet) vart vinnar av Postvegløpet som vart arrangert onsdag 2.juni 2010 av Markane IL. Merete Helgheim var best av damene. Dette var også det fjerde løpet i årets Nordfjordkarusell.
 
I alt fullførte 59 løparar den 6 km lange løypa.

Postvegløpet 2010

Markane IL arrangerte onsdag 2. juni Postvegløpet i lett regnvær.

Løypa er 6 km lang og går i kupert og idyllisk terreng på vei og sti. Start og mål var også i år ved Skogstjerna.

Totalt 59 store og små var med på løpet. 46 løparar stilte til start i mosjonsklassen på tid medan 13 fullførte i trimklassen. Merete Helgheim, Gloppen FIL vann dameklassa og Johannes Thingnes Bø frå Markane IL vann klassa for herrar.

Den fullstendinge resultatlista ligg her:

Resultat postvegløpet 2010

Postvegløpet var den fjerde løpet i Nordfjordkarusellen 2010.

Det neste løpet vert Heiamila onsdag 11.august.

Her er nokre foto frå årets postvegløp (Foto: Inge Asbjørn Haugen)

Like før start

 

 

 

 

 

 

 

Like før start ved Skogstjerna.

 

Helge Hafsås, Johannes Thingnes Bø og Audun Skogen

 

 

 

 

 

 

 

Helge Hafås, Johannes Thingnes Bø og Audun Skogen.

Liv Berge, Merete Helgheim og Elisabeth Hildenes

 

 

 

 

 

 

 

Liv Berge, Merete Helgheim og Elisabeth Hildenes.

 

 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline