TARJAI BØ TIL OL!

Postet av Markane IL den 23. Des 2009

Den flotte innsatsen til Tarjei i helga gjorde til han sannsynlegvis fekk ei litt uventa julegåve i år. Han vart teken ut til OL i Vancouver i februar, ilag med 5 andre skiskyttar-herrar. For Markane IL er det sjølvsagt ei historisk hending, som den første medlemen med deltaking i eit OL.

Markane IL gratulerer hjarteleg med innsatsen og ynskjer lykke til med førebuingane fram mot OL og at du får ei minnerik oppleving!

Vi vil samtidig nytte høve til å ynskje alle ei God Jul og eit Godt Nyttår.

Styret i Markane IL

 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline