Finn Framdag / Kongel-orientering /Nær-o-løp

Postet av Markane IL den 23. Mai 2009

Onsdag kveld er det orientering på Ullsheim.

 

Sogn og Fjordane Orienterings krins, Sparebanken Sogn og Fjordane og Stryn KFUK-KFUM Speidarar arrangerer Kongle-orientering og Finn Fram dag. Her blir det friluftslivs-aktivitet med fokus på kart og kompass.

Orientering er ein fin og spennande idrett for heile familien. Denne gangen dukker det opp speider aktivitetar undervegs i den korte løypa.

Kanskje du aldri har prøvd å gå etter kart før? Då treng du ikkje kvi deg, der blir rettleiara tilstades og det blir mulig for fleire å gå i lag om ein ynskjer det.

Det blir også vanlig nær-o-løp med løyper på alle nivå. Tipsar om at her er ei fin anledning for mor og far å prøve seg i ei litt lenger løype.

Orienteringsidretten sitt slagord er; VILT, VAKKERT og RÅTT !

Arrangørane håper på godt oppmøte.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline