Tarjei utteken på Elitelandslaget!!

Postet av Markane IL den 6. Apr 2009

Etter ein uttruleg gode resultat i Senior NM er Tarjei no utteken på Elitelandslaget i Skiskyting neste sesong. Her kjem han i selskap med Ole Einar Bjørndalen, Emil Hegle Svendsen, Alexander Os, Halvard Hanevold og Rune Brattsveen. Etter 1 gull, ein sølv og 2 fjerdeplassar under NM for senior har Tarjei levert det beste ein junior nokon gong har prestert i  Senior NM. Dette er historisk. I tillegg har Tarjei eit fantastisk EM tidlegare i sesongen, som gjer at han har kome med blant "dei store gutta"

Vi gratulerer Tarjei, dette er stort!!!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.