Gull, sølv og sterke prestasjonar i Hovedlandsrennet

Postet av Markane IL den 7. Mar 2009

Markane IL gratulerer Johan Eirik Meland med sølv og GULL på Hovedlandsrennet i skiskyting. Sølv på normalprogrammet fredag og gull på sprinten laurdag. Laurdag vann han med 1 strafferunde og hadde 15 sek tilgode til nr.2. Sterkt!

I den eldste guteklassen følgde andre Markane-løparar opp med sterk innsats. Jarle M Gjørven fekk ein fin 7.plass (0), Johannes T.Bø nr.8 (2) og Runar Netland nr.18 (1). Gode prestasjonar i dette selskapet.

Og då ser det ut til at det blir reint Markane-lag på krinsstafetten på søndag.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline