Fine forhold i turløypene !

Postet av Markane IL den 7. Apr 2009

Ved endra veir - og føreforhold, preparert frå :

Ullsheim kl. 11.00       Stryn Skisenter kl .11.30

 

Fjell-løyper, ved godt veir i påska:
Frå Ullsheim - Grendasetra - Blånibba - Holsetra.
Frå Holsetra - Holevatnet.
 
 
God føremiddag alle saman !
 
Dagen starta med blå himmel og flott sol,
- men, vi har no fått eit lett skydekke !
Det er likevel ein fin temp. og nesten vindstille.
Meldingane vidare for påska ser bra ut.
Det kan sjå ut som sola vil skine innimellom ;-)
og den behaglege tempraturen vil holde seg.
Håpet er, å få eit par fantastiske dagar,
slik som det vart på palmelaurdag.
Fleire tok då turen ut på ski,
- og kunne nyte solstrålane frå ein skyfri himmel.
 
Snøforholda er endå gode.
Dei mest vanlege turløypene, vart preparerte igårkveld.
Når det held seg så mildt, må dette gjerast på kveldstid,
slik at spora får "sett seg".
Snøen som no er våt og kornete,
vert lett ein "graut" utover dagen.
Vi oppdaterer oss frå veirmeldingane, 
og tidspunkt / nødvendigheit,
for kva løyper som bør preparerast, vert vurdert nøye !
 
NB !  Siste dagen, vi kjem til å preparere denne skisesongen,
vert sannsynlegvis 2. påskedag !
 
I området, ser vi at mange, alt er på plass i hyttene.
Vi håpar at både fastbuande og tilreisande,
kan få nokre fine dagar i turløypene.
 
Vi minner om reglar i løypene :
HOLD TIL HØGRE  i løypene !
 
Hunden skal ha band,
- og for all del,
FJERN  HUNDELORT frå løypetraseen !!!
 
Ved parkering på Ullsheim : 
alle som har årskort i Skiturlaget Ullsheim - Stryn, 
eller er medlem av Markane IL,
hugse å legge korta synlege i bilen !
 
Legg ved invitasjon frå Markane IL,
om skiorientering på Ullsheim, imorgon !
 
Med ynskje om ei kjekk og triveleg påskefeiring !
Hugs solbriller, solkrem, appelsin og kvikklunsj :-)
- og kanskje eit sitjeunderlag !
 
Skjærtorsdag er det FULLMÅNE,
- ka med ein svermetur i skisporet ?  ;-)
 
Beste helsing
TURLØYPER STRYN
Hildegunn og Arvid
Infotelf. 906 37160
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.