Markarar i Birkebeinerrittet

Postet av Markane IL den 4. Sep 2008

4 markar stilte på start i årets terrengsykkelritt frå Rena til Lillehammer. Årets ritt hadde rekorddeltaking og det viste igjen med fantastisk god stemning i løypa og ved mål. Dette er verdas største terrengsykkelritt. 

Eirik Bøe og Henning Heimlid sykla dei 91 kilometerane for andre og femte gong, medan Gisle Bøe og Kjetil Svarstad var førstereisgutar. Forholda var så bra som dei kan bli og det var gode prestasjonar for markarane. Dessverre var Kjetil uheldig med ei punktering og fall eit par kilometer før mål. Han låg ann til å kome seg under firetimargrensa. Gisle var den med minst sykkeltrening, men sykla trass manglande sykkeltrening  inn til ei veldig bra tid. Eirik var godt fornøgd med å sette ny pers med 37 minutt og Henning viste at  i Birkebeinerrittet er dei gamle framleis best.

 

Tidene og plasseringar:

Klasse: M17, (Menn 16-17 år) Makstid: 03:48:36 - 185 deltakarar

Nr 128 Gisle Bøe 04:08:21

Klasse: M18, (Menn 18-19 år) Makstid: 03:51:15 - 134 deltakarar

Nr 58 Eirik Bøe 03:41:24

Klasse: M20, (Menn 20 - 24 år) Makstid: 03:43:47 - 296 deltakarar

NR 215 Kjetil Svarstad 04:29:34

Klasse: M25, (Menn 25 - 29 år) Makstid: 03:44:46 - 822 deltakarar

NR 122 Henning Heimlid 03:20:27


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline