Innbyding til KM stafett 2. september

Postet av Markane IL den 23. Aug 2007

Arr. Fjellhug og Vereide. Samlingsplass Dimma. Start klokka 11.

Fjellhug/Vereide IL, o-gruppa, inviterer til KM stafett i orientering søndag 2. sept. 2007.

Frammøte: Dimma. Skilta frå E 39 v/Vereide. Deretter bomveg ca.15 min, Kr.30 å betale.

Start: Kl. 11.00.

Kart: Dimma, M: 1:15 000, ekvidistanse 5 m, utgjeve i 1987.

Løyper:

KM-klassar

Etappar

Ca. løypelengde

Nivå

H 17

3

5 km

A A A

D 17

3

3 km

A A A

H 13-16

3

2,5 km

C C C

D 13-16

3

2,5 km

C C C

H 135

3

3 km

A A A

D 135

3

3 km

A A A

Det vert høve til å stille fleirklubblag for dei som måtte ønskje det (utanfor KM-klassane).

For dei som ikkje spring stafett, vert det individuelle løyper:

Klassar

Ca. løypelengde

Nivå

Open klasse

3 km

A

D/H-10, D/H 11-12, D/H 13-16, open klasse

2,5 km

C

D/H –12 N utan tidtaking,

D/H 13-16 N, open klasse

1,5 km

N

Start i desse løypene frå kl. 11.15, men det blir mogeleg å starte på eit anna tidspunkt.

Småtroll og barneparkering blir på samlingsplass.

Meld frå om behov for barneparkering ved påmelding.

Påmelding med namn, klubb, klasse, fødselsår og brikkenummer til Bjarne Hauge på e-post:

dagerik70@hotmail.com eller på mobiltelefon 97 77 73 96 seinast torsdag 30. august. Gje opp behov for brikkeleige ved påmelding. Lagoppstilling leverast seinast søndag 2 .sept kl.10.00.

Påmeldingsavgift: Etterpåmeldingsavgift:

Stafett: T.o.m. 16 år: kr 60,- x 3 = kr 180,- + kr 20,- x 3 = kr 60,-

F.o.m. 17 år: kr 80,- x 3 = kr 240,- + kr 30,- x 3 = kr 90,-

Individuelt: T.o.m. 16 år: kr 60,- + kr 20,-

F.o.m. 17 år: kr 80,- + kr 30,-

Brikkeleige: kr 25,-

Småtroll: kr 20,-

Premiering: Medaljar i alle KM-klassane.

Individuelle klassar: Open A, C og N: 1/5 premiering.

13-16 år: ½ premiering.

T.o.m. 12 år: Premie til alle.

Med helsing

Bjarne Hauge Johan Moldestad Einar Holmøy

-løpsleiar- -løypeleggar- -TD-




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline