Nær o- løp på Tverrfjellet 4. juli, obs samlingsplass er flytta litt i retnning Vinsryggsetra.

Postet av Markane IL den 22. Jun 2007

Velkommen til løp på vårt nyaste kart Tverrfjellet (oppkøyrsle frå Vinsrygg). Det er flott terreng å med mykje tørre myrar (Skal mykje regn til for at dei blir tunge) Merka frå RV 15/60 vest for Stryn sentrum, start frå kl. 18.00. Utlån av brikker. Premie til småtroll og nybyrjarar. Blant resten av deltakarane blir det trekt ut 10 deltakarpremiar. Les meir om løyper med meir her.
Invitasjon til

Nær-o-løp i fantastisk natur og terreng

Komande veke, onsdag 4 juli er det Nær-o-løp på kartet ”Tverrfjellet”. Nytt til Nordvestgaloppen 2006.

RV 15/60 vest for Stryn sentrum

Berekn deg 25 min m/bil frå RV

Husk å betale bompengar. Grunneigarane treng det til vedlikehald. Flott å kunne nytte en slik veg

Fantastisk terreng å springe i med mykje tørre myrar (Skal mykje regn til for at dei blir tunge)

Kan velje mellom 5 løyper (har du sprunge 1,5 km og tykkjer det vart for enkelt kan du prøve deg på C-løypa om du ynskjer det.)

Dersom du føler deg usikker kan du ha med deg nokon rundt løypa eller springe i lag med einkvan)

- Småtroll (for dei aller minste)

- N-løype 1,5 km for nybyrjarar

- C-løype 2,1 km (enkel) for dei som vil ta steget opp frå N-nivået

- B/A-Nivå 3,1 km

- A-Nivå 5,0 km

Elektronisk tidtaking (EKT). Har gjeve o-sporten ein ny dimmensjon. Du kan enkelt samanlikne strekktider og vegval.

Brikker til utlån for dei som ikkje har

Kompass til utlån

Premie til alle småtroll og N-løparar

10 premiar trekt ut blant dei andre deltakarane

Deltakaravgift: småtroll og til og med 16 år kr. 20,voksne kr. 40

Set av onsdagskvelden til ein tur på Tverrfjellet

Vi som arrangerar (Vegar Sætren Bøe, Vigdis Valheim og Per Øen) lovar at du skal få det triveleg.

Helsing

Per Øen, Markane IL


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline