Turorientering 2007, Barneturorientering.

Postet av Markane IL den 18. Jun 2007

Det er framleis høve til å vere med på barneturorientering. Postane heng ute til 15. oktober. Det er 20 postar i området vest for Stryn Skisenter/ Tverrfjellet. Konvolutt med kart, kontrollkort og innformasjon kan kjøpast hjå Ytre- Eide sport a/s, G-sport og Stryn Bensinstasjon (Esso).1 konvolutt kostar kr. 100,00, ekstra kart kr.20,00, ekstra kort kr.10,00   Aktiviteten går ut på å finne postar. Når du vil og i det tempo du ynskjer. Du samlar poeng for kvar post og ved sesongslutt kan du sende inn eit kontrollkort. Summen av poenga fortel om du har oppnådd bronse, sølv - eller gullmerke.



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline