Hovudløp og o-landsleir

Postet av Markane IL den 13. Mar 2007

O- kretsen inviterer til 3 leirar/samlingar ( i Førde, I Kaupanger/Leikanger i samband med "Kjeringi Open" og i Stryn) der dei ynskjer å samle ungdom som kan ha hovudløp og o-landsleir som mål for sesongen. Både nybyrjarar og erfarne er velkomne. Orientering er moro, god kondisjonstrening for skiløpere, skiskyttere og alle andre, så her er det berre å stille opp. Les meir om hovudløp,o-landsleir og om leirane her.

Hei alle unge o-løpere i Sogn og Fjordane.

4.-9. august 2007er det hovedløpet og o-landsleiren i Asker og Bærum for 14-16 åringer.

Krinsen vår hadde i 2006 åtte deltakere på dette arrangementet. I 2007 kan vi bli mange fleire!

Kort beskrivelse for aktuelle ungdommer:

* Søndag 5.august 2007 er det Hovedløpet for yngre. Dette er eit uoffisielt NM for ungdom mellom 14 og 16 år og du konkurrerer med andre som er født i same år som deg.

Dei som ikkje er så veldig rutinerte, kan springe utanfor sjølve Hovedløpskonkurransen i lettare løyper: D 14-16 Celler H 14-16 C.

*Måndag til onsdag er det full fart på leiren med Professor Drøvels minneløp og kveldsparty, ballspill, diskotek, badeliv og trening.

*Torsdagen er det stafett der du spring på lag med de andre frå kretsen, eller på mixlag med ein annen krets. På kretsstafetten er det premie til beste utkledning.

*Frist for påmelding for å vere med på Hovedløpet for yngre og O-landsleiren er omtrent midt i juni.

Vi i Sogn og Fjordane inviterer til tre leirar/samlingar der vi ynskjer å samle aktuelle løpere frå fylket med tanke på å lære meir om orientering, bli betre kjent med kvarandre og ha hovedløp og o-landsleiren som eit hovudmål for sesongen.

Samling i Sunnfjord i samband med KM-natt helga 23.-24.mars. Sjå eiga innbyding.

Samling i Sogn i samband med det årlege ”Kjeringi Open” –arrangementet på Leikanger helga 20.-22. april.

Helga 27.-29. april blir det samling i Stryn i samband med krinsløp laurdag 28. april og Olden-stafetten som går søndag 29.april.

Orientering er moro, god kondisjonstrening for skiløpere, skiskyttere og alle andre, så her er det berre å stille opp. Alle er velkomne både erfarne og nybegynnere!

For meir informasjon: kontakte Vigdis Sætren, telefon 90024801.

Sjå også sidene til orienteringsforbundet (www.orientering.no, der er link til hovedløpet sine sider m.m.)

Med vennleg helsing

Hovedløpsprosjektet i Sogn og Fjordane o-krets

Vigdis Sætren


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline