Dugnad på Ullsheim

Postet av Markane IL den 29. Mai 2006

Måndag 29. mai var det samla over 50 flittiga "maurar" på Ullsheim

Ypperleg dugnadsver, overskya og regnfritt, la ei perfekt ramme kring ein godt planlagd og gjennomført dugnad. Arvid Hatledal hadde lagt forholda tilrette med innkalling og fordeling av arbeidsoppgåver. Beis og maskiner var på plass så det var berre å brette opp ermane og sette i gong. Unge lovande, og nesten like unge og lovande, arbeidde side om side og gjorde ein kjempeinnsats. Beising, rydding, vasking, rivearbeid, rydding av busker og ikkje minst matlaging og grilling til mange svoltne arbeidarar vart gjennomført i "fin stil". Takk til Hildegunn Hatledal for flott bevertning.

Tusen takk for kjempeinnssats frå alle frammøtte!!!!

Her er nokre glimt frå dugnaden. Bileta er tekne av Inge Fænn.

Leif Rune, Elin, Oliver, Jonas, Atle og Johannes var dyktige ryddarar.

Høgt heng han og konsentrert er han, Arvid Dybevoll i fin stil.

Arbeidshumøret er på topp. Arvid, Lars, Gaute og Martin i full gang med å rydde skog.

Aslaug har dreisen på moppen.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline