Leikanger 18.4.2015:

Postet av Markane IL den 18. Apr 2015

"Team Agurk" med Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland til topps i Kjeringi Open!

Aksel Mathias Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk "Team Agurk" inn til siger i juniorklassa saman med Trygve Brendehaug (Syril) og Eirik Buntemeyer (Stryn). Foto: TSN

 I år som i fjor, gjekk "Team Agurk" til topps i klassa for juniorlag under Kjeringi Open 2015. Laget var samansett av Trygve Brendehaug frå Syril IL, Aksel Mathias Meland frå Markane IL, Simon Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL og Eirik Buntemeyer frå Stryn.

Trygve Brendehaug gjekk første etappen som er telemark. Då han veksla med Aksel Mathias Meland låg laget på andreplass. Aksel gjekk laget fram i tet på langrennsetappen. Denne leiinga heldt seg løpet i gjennom. Simon Hjelmeset Kirkeeide hadde tredjeetappen som var løp medan Eirik Buntemeyer sykla laget vel i mål. Både Aksel, Simon og Eirik hadde beste etappetid. Laget var i mål på 49 min 7 sek. Dei var heile 5 min 4 sek før lag nummer to, "Hafslogutane". Tida var så god at det ville helde til ein fjerdeplass i seniorklassa.

I tillegg til lagkonkurransane var der også superkjeringkonkurransar. I desse går same løpar alle etappane. Klassa for damer vart vunnen av Ellen Blom frå Sogndal på 56 min 13sek medan klassa for menn vart vunnen av Ole Martin Erdal frå Førde IL på 47 min 20 sek. I denne klassa hadde også Markane ein deltakar, Kjetil Svarstad som vart nummer 38 med 1 time 9min 57 sek.

 Resultatliste Kjeringi open 18.4.2015


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline