Khanty Mansijsk 22.3.2015:

Postet av Markane IL den 11. Apr 2015

Tredjeplass til Tarjei Bø i sesongens siste verdscupløp

Både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø  var med og sette sitt preg på sesongfinalen i skiskyting. Tarjei fekk ein bom på første skyting, men imponerte igjen på standplass med å skyte ned totalt 19 blinkar. Johannes Thingnes Bø skaut fullt på dei to første skytingane, og låg på andre plass ut frå andre skyting. På tredje skyting vart det ein bom, men han hadde framleis sjanse på pallplass. Tarjei, som skaut fullt, kjempa no om sigeren og gjekk ut frå tredje skyting på ein 2. plass.

Johannes måtte også ut i strafferunda ein gong på siste skyting, og var dermed ute av pallstriden.

Jakob Fak, som skaut fire fulle hus, gjekk ut frå siste skyting vel seks sekund framfor Tarjei, med russiske Anton Shipulin vel 16 sekund bak der igjen. Det vart ei uhyre spennande sisterunde. Tarjei såg ryggen til Fak framfor seg, medan Shipulin jaga bak. Eit stykke ut i sisterunda var Shipulin oppe i ryggen på Tarjei, og i siste sving tok han «inneren» og vart for sterk på oppløpet. Tarjei vart dermed endå ein av dei som vart spurtslegne av russaren denne sesongen.

Johannes fekk notere seg for endå ei topp 10-plassering i verdscupen denne sesongen. Han avslutta på 9. plass.

I den totale verdscupen vart Johannes Thingnes Bø beste norske løpar på 5. plass. Martin Fourcade vann cupen, framfor Anton Shipulin, Jakob Fak og Simon Schempp.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline