Sirdal 29.3.2015:

Postet av Markane IL den 29. Mar 2015

16.plass i NM-stafetten

NM stafett 2015. Foto:TSN

Førstelaget til Sogn og Fjordane gjekk inn til ein 16. plass. Frå venstre: Jarle Midthjell Gjørven, Ole Martin Erdal, Johan Eirik Meland og Erlend S. Myklebust. Foto: TSN

Dei to laga til Sogn og Fjordane stilte utan Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø på startstreken, og enda på 16. og 26. plass.

På førsteetappe var det klart for duell mellom Jarle Midthjell Gjørven på førstelaget og Håkon Midthjell Gjørven på andrelaget. Jarle vart liggande halvtanna minutt bak ut frå første skyting, etter at armreima gjekk i stykker før skytinga. Dermed måtte han skyte utan reim. Begge brørne fullførte etappane sine med å få ned alle blinkane. Ved veksling var Jarle 21 sekund føre Håkon. Laga låg på høvesvis 24. og 27. plass.

På neste etappe gjekk Ole Martin Erdal på førstelaget.Han skaut fullt hus medan Ronny Hafsås på andrelaget pådrog seg ein strafferunde.

På tredje etappe gjekk Johan Eirik Meland førstelaget fram til ein 13. plass med feilfri skyting. Georg Halsteinslid på andrelaget skaut også fullt. Erlend S. Myklebust frå Stårheim IL gjekk sisteetappe for førstelaget medan Hermann Erdal stilte opp og gjekk ankeretappen for andrelaget. I mål gjekk førstelaget inn til ein 16. plass, 4 minutt 27 sek bak vinnarane frå Sør-Trøndelag som hadde Emil Hegle Svendsen som ankermann. NM-sølvet gjekk til Hordaland medan Oppland sikra bronsen. Sogn og Fjordane II kom på ein 26. plass.

Resultatliste NM stafett menn Sirdal 29.3.2015.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline