Svene 8.3.2015:

Postet av Markane IL den 8. Mar 2015

 Aksel Mathias Meland på bronselaget i HL-stafetten

Bronse til stafettlaget frå Sogn og Fjordane. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland gjekk ankeretappen på Sogn og Fjordane lag 1 som sikra seg bronse på stafetten under HL i Svene. Laget frå Sogn og Fjordane: Aksel Mathias Meland, Vegard Skrede, Sivert Myrold og Johan Olav Smørdal Botn. Foto: TSN.

Aksel Mathias Meland gjekk siste etappe på laget til Sogn og Fjordane i klasse G15-16. Med seg på laget hadde han Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim, Sivert Myrold også frå Stårheim og Vegard Skrede frå Hardbagg IL. Laget til Sogn og Fjordane var med i teten gjennom heile løpet og i mål vart det ein flott bronseplass, 18.3 sek etter laget frå Oppland som tok gullet. Laget frå Nordland tok sølvet, 4.9 sek etter vinnarlaget.

I klassa G15 gjekk Simon Hjelmeset Kirkeeide andreetappe på eit lag samansett av løparar frå Sogn og Fjordane, Rogaland og Møre og Romsdal. Dei andre på laget var John Magnus Nygård, Magnar Lødemel og Eivind Sporaland. Laget enda på ein fin 9. plass. Dei var 4 min 11 sek etter vinnaren Nord-Østerdal lag 1. Sølvet i klassa gjekk til Oslo og Akershus medan Buskerud sikra bronse.

I klasse J15 gjekk laget frå Sogn og Fjordane inn til ein 16. plass. Anne-Marie Roset gjekk første etappe, Kari Alsaker gjekk den andre etappen medan Inger Ringdal Sæter frå Sunnylven gjekk den tredje etappen. Oslo og Akershus lag 2 sikra gullet i klassa, Hedmark tok sølvplassen medan Oslo og Akershus lag 1 gjekk seg inn til bronse.

I klasse J15-16 vart det siger til laget frå Sogn og Fjordane. Ingen frå Markane gjekk på dette laget, men flott innsats frå Emilie Brekke (Sunnylven IL), Maria Munch Starheim (Stårheim) og Sigrid Flo Bødal (Stårheim).


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline