Kontiolahti 7.3.2015:

Postet av Markane IL den 7. Mar 2015

VM-gull til Johannes Thingnes Bø og VM-bronse til Tarjei Bø!!

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: NSSF

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til sitt første VM-gull og Tarjei Bø sikra seg VM-bronsen. Foto: NSSF

Det vart ein fantastisk dag i Kontiolahti for Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Johannes Thingnes Bø leia løpet frå start til mål. Med feilfri skyting på liggjande gjekk han ut på mellomrunden med ei knapp leiing på resten av feltet. Tarjei skaut også feilfritt på liggjande og gjekk ut på mellomrunden 17.9 sek etter Johannes.

Det bles til dels kraftig i Kontiolahti i dag og mange av dei næraste konkurrentane skaut på seg fleire strafferundar. Johannes starta flott også på den ståande skytinga med fire kjappe treff. På det siste skotet kom ein bom, men trass den eine strafferunden var Johannes framleis i leiing etter den andre skytinga, 7.6 sek før Nathan Smith frå Canada.  Denne leiinga heldt heilt til mål! For Tarjei gjekk det endå betre på den ståande skytinga. Som ein av berre to utøvarar i dag, klarte han nok eit fullt hus. Dermed gjekk han ut frå andre skyting på bronseplass. Heile seks løparar var innanfor ein differanse på 10 sek og det var duka for ein tett kamp om bronsen heilt til mål. Tarjei gjekk godt på sisterunden og heldt alle utfordrarane til bronsemedaljen på avstand.

Johannes Thingnes Bø gjekk dermed inn til sitt første individuelle VM-gull. Tarjei Bø sikra bronsen 25,3 sek bak. Sølvmedaljen gjekk til Nathan Smith frå Canada, 12.1 sek etter Johannes.

Vi gratulerer med gull og bronse!!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline