Kontiolahti, 5.3.2015:

Postet av Markane IL den 5. Mar 2015

Bronse i blanda stafett i VM!

Johannes og Tarjei på laget i blanda stafett. Foto: Fjordingen

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk høvesvis tredje og fjerde etappe på det norske stafettlaget i blanda stafett i skiskyttar-VM. Med seg på laget hadde dei Fanny Welle Strand-Horn og Tiril Eckhoff.

Fanny Welle-Strand Horn gjekk første etappe. Etter feilfri skyting på både på liggjande og ståande, sende ho Tiril Eckhoff ut på ein 6. plass. Noreg var då 29,8 sekund bak Tsjekkia som leia stafetten.

Eckhoff gjekk godt på førsterunde og var oppe på ein 3. plass etter feilfri første skyting. På ståande skyting vart det for mykje bom og til slutt enda det med ein strafferunde. Dermed sende Tiril Johannes Thingnes Bø ut på 6. plass. Differansen var då 1,32 minutt opp til Kviterussland som leia.

Johannes sette som vanleg stor fart i sporet. I tillegg leverte han to kjappe og feilfrie skyteseriar. Ved veksling var Noreg oppe på 3. plass og Tarjei gjekk ut på sin fjerde etappe 44,9 sekund bak teten.

Tarjei gjorde også ein perfekt etappe slik som Johannes. Med to feilfrie skytingar og god fart i sporet sikra han norsk bronsemedalje, 27,7 sekund bak Tsjekkia som vann og 7,5 sekund bak Frankrike som tok sølv

 VM held fram med sprint på laurdag.

Vi gratulerer med VM-bronse!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline