Alta 28.2.2015:

Postet av Markane IL den 28. Feb 2015

15. plass til Johan Eirik Meland på sprinten i jr.NM

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland vart nr 15 på sprinten i jr. NM. Foto: TSN,2014

Johan Eirik Meland gjorde det best av våre på sprinten under junior-NM i Alta med ein 15. plass i M20-21.. Han hadde beste tid ut frå første skyting etter fullt hus, men tre bom på den ståande skytinga øydela for ei plassering heilt i teten. I mål var han 1 min 19 sek etter vinnaren Endre Blikra frå Trondhjems skyttere som hadde ein bom. Andreplassen gjekk til Marius Haugum medan Kristian Andre Aalerud tok bronseplassen. Isak Flo Bødal frå Stårheim vart nummer 18 i same klassa.

I klasse M19 vart Georg Kristian Halsteinslid nummer 48 etter å ha skote tre bom på kvar av skytingane. I mål var han 4 min 12 sek etter gullvinnaren Andreas Kjeverud Eggen frå Hernes. Sølvet gjekk til Sindre Pettersen frå Nittedal som var 28,7 sek etter vinnaren. Harald Birkeland Larsen frå Molde tok bronsen, 31.8 sek bak.

Gaute Bø gjekk inn til 55. plass i M18. På standplass vart det i dag ein bom på første serien og to på den andre. I mål skilde det 3 min 17 sek fram til gullvinnar Harald Øygard frå Skrautvål. Nikolai Frydenlund frå Skonseng tok sølv medan Torstein Wiiger Opsahl tok bronsen.

I klasse M17 vart Odd Sindre Tonning nr 66 med totalt sju bom, Andreas Halsteinslid var nr 68 med totalt fire bom og Grim Nygård nr 69 med fem bom. Med litt dårleg utteljing på standplass vart det i dag vel 6 min opptil gullvinnaren for alle våre. Gullvinnar i M17 vart Vebjørn Sørum frå Søndre Ål som skaut to fulle hus og vann med 57 sek differanse til sølvvinnar Sivert Borgen som også skaut fullt. Jørgen Brendengen Krogsæter tok bronsen.

Elles gjekk Andrea Skeide Bakke frå Stårheim IL inn til ein 7.plass i K19 etter feilfri skyting medan Ingrid Gausemel frå Hornindal fekk ei ny fin plassering med 8. plass i K17.

I Norgescuprennet  for seniorane vart det 23. plass til Jarle Midthjell Gjørven. Med totalt tre bom var han 3 min 8 sek etter vinnaren Fredrik Gjesbakk frå Bossmo og Yttern.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.