Alta 27.2.2015:

Postet av Markane IL den 27. Feb 2015

5.plass til Jarle Midthjell Gjørven i NC og 11. plass til Johan Eirik Meland i jr.NM

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland vart nummer 11 på normaldistansen i jr.NM i Alta. Arkivfoto: TSN

Johan Eirik Meland gjekk inn til ein 11. plass på normaldistansen i jr. NM i Alta. Han var heilt framme i leiinga etter feilfri første skyting, men tre tilleggsminutt på andre skyting, to på tredje skyting og tre tilleggsminutt på den siste serien vart i mestelaget. I mål vart det dermed ein 11. plass. Avstanden fram til vinnaren, Andreas Kvam, vart på 4 min 18,2 sek. Sølvet gjekk til Aslak Nenseter, 49.8 sek etter vinnaren medan Anders Brekke Nilsen gjekk inn til bronse, 1 min 44 sek bak. Alle dei tre medaljevinnarane fekk fem tilleggsminutt.

Ingrid Gausemel frå naboklubben vår Hornindal IL gjekk seg inn til flott sølvmedalje i junior-NM i klasse K17.

I klasse M19 gjekk Georg Kristian Halsteinslid inn til 36. plass. Han fekk totalt sju tilleggsminutt med skyteseriane 2-2-0-3. Han var med det 6 min 21 sek etter gullvinnaren Brage Malm Monstad frå Lier som hadde tre tilleggsminutt. Sølvet gjekk til Mattis Haug 30,2 sek etter vinnaren medan Andreas Kjeverud Eggen tok tredjeplassen, 40.0 sek etter.

I klasse M17 vart det Grim Nygård som fekk best plassering av våre med ein 52. plass. Han fekk seks tilleggsminutt med serien 0-3-2-1 og var med det 7 min 36 sek etter gullvinnaren. Odd Sindre Tonning kom på ein 58. plass. Etter å ha fått eitt tilleggsminutt på første og to på andre skyting låg han lenge godt plassert, men med fire bom på kvar av dei to siste skytingane vart det nokre plassar nedover lista. Med totalt 11 tilleggsminutt skilde det 9 min 17 sek fram til vinnarne. Andreas Halsteinslid kom på 66. plass. Han skaut seriane 1-4-1-3 og fekk med det totalt ni tilleggsminutt. Avstanden fram til klassevinnaren vart på 10 min 56 sek. 17-års klassa vart vunnen av Sivert Borgen frå Stiklestad IL som berre hadde to tilleggsminutt. Andreplassen gjekk til Mathias Skrede medan Jonas Bogen Øye sikra seg bronse.

Gaute Bø braut løpet i klasse M18. Han låg lenge godt an etter seriane 2-0-0 på dei tre første skytingane. Endre Strømsheim tok gullet i denne klassa

 Samstundes med junior-NM er det også Norgescup for seniorane. Jarle Midthjell Gjørven gjekk her inn til ein god femteplass. Han fekk to tilleggsminutt på første skyting og eitt tilleggsminutt på andre skyting, men med to feilfrie seriar til slutt heldt det likevel til ein solid femteplass i menn senior. Han var 1 min 51.6 sek etter vinnaren Eirik Brattli frå Fossum IL i mål. Andreplassen gjekk til Amund Hoff Thomassen, 1 min 11.4 sek bak vinnaren medan Martin Lindland kom på tredjeplass, 1 min 11.6 sek etter.

Junior-NM held fram i morgon med sprint.

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline