Ålandsleite 8.2.2015

Postet av Markane IL den 10. Feb 2015

2.plass til Markane I i KM skiskyting stafett

Aksel Meland, Oskar Guddal Breivik og Simon Hj. Kirkeeide. 

Oskar Guddal Breivik, Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland gjekk Markane I inn til 2. plass i KM stafett. Arkivfoto: Margunn Hjelmeset

 Hardbagg IL arrangerte i helga KM stafett for klassane frå 13 år og oppover. For klassane opptil 12 år var det krinsrenn sprint som var på programmet.

Markane hadde tre stafettlag til start i KM. Alle tre deltok i klasse G13-16. Best plassering fekk Markane I som kom på andreplass. På Markane I gjekk Aksel Mathias Meland, Oskar Guddal Breivik og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Markane I fullførte dei tre etappane på 44 min 26 sek. Totalt vart det sju strafferundar. Stårheim IL I vann ganske klart med tida 38 min 52 sek. Dei kom seg igjennom alle tre etappane utan strafferundar. På Stårheim sitt lag gjekk Johan Olav Smørdal Botn, Sivert Myrold og Lasse Flo Bødal. Tredjeplassen i KM gjekk til Hardbagg I med tida 45 min 3 sek

Markane sitt andrelag gjekk inn til fjerdeplass med tida 47 min 47 sek. Andrelaget gjorde ein god jobb på standplass med berre ein runde på kvar etappe. På Markane II gjekk Anne Marie Roset, Sigurd Fotland Fænn og Magnus Arntsen. Markane sitt tredjelag kom på åttandeplass med tida 52 min 48 sek. Dei fekk totalt åtte rundar på dei tre etappane. På tredjelaget gjekk Nikolai Dispen Lødemel, Magnus Midthjell Gjørven og Kari Alsaker.

Også på sprinten var det mange frå Markane som gjorde god innsats både på standplass og i løypa. Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk til topps i klasse J12. I same klassa kom Hedda Garlid Hilde på tredjeplass. Elias Dispen Lødemel kom på ein god andreplass i klasse G12. Han var ein av dei få som kom seg gjennom sprinten med feilfri skyting. I same klasse kom Jon Erlend Bø på femteplass, Daniel Langeset vart nummer åtte, Sondre Roset vart nummer ni og Anders Svarstad Hole nummer elleve.

Resultat KM Stafett 8.2.2015 Arrangør Hardbagg IL.

Resultat krinsrenn sprint 8.2.2015 Arrangør Hardbagg IL.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.