Karidalen 8.2.2015:

Postet av Markane IL den 8. Feb 2015

8.plass til Sogn og Fjordane I i blanda stafett 17-senior

Sogn og Fjordane I vart nr 8 i NM blanda stafett. Foto: TSN

Sogn og Fjordane lag 1 vart nummer 8 i NM blanda stafett 17-senior. På laget gjekk Mari Sollid Eide, Jarle Midthjell Gjørven og Ole Martin Erdal. Foto: TSN

Norgescuphelga i Karidalen vart avslutta med NM i blanda stafett. Best plassering fekk Sogn og Fjordane i klassa 17-senior med ein 8. plass. På laget gjekk Mari Sollid Eide, Jarle Midthjell Gjørven og Ole Martin Erdal. Laget var 2 min 47 etter vinnarlaget frå Oppland i mål. Andreplassen gjekk til Hordaland lag 1 som var 20,7 sek etter vinnarlaget medan Oslo og Akershus lag 1 sikra seg bronse, 1 min 5 sek etter vinnaren.

I klassa 17-21 vart det 11.plass til Sogn og Fjordane. På dette laget gjekk Karoline Erdal, Isak Flo Bødal og Johan Eirik Meland. Laget var 2 min 43 sek etter vinnarlaget Oslo og Akershus lag 2. Andreplassen gjekk til Nord-Trøndelag lag 1, berre 3 sek bak medan Oslo og Akershus lag 3 tok bronse, 22 sek bak vinnarlaget.

I klasse 17-18 år hadde Sogn og Fjordane to lag på start. Sogn og Fjordane 2 vart nummer 23. På dette laget gjekk Ingrid Gausemel, Gaute Bø og Lars Erik Telseth. Sogn og Fjordane 1 kom på ein 28. plass i same klassa. Her gjekk Elise Skeide Bakke, Isak Hopland og Håkon Midthjell Gjørven. Vinnarar av klassa vart laget frå Buskerud.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline