Nove Mesto 7.2.2015:

Postet av Markane IL den 7. Feb 2015

10. plass til Johannes Thingnes Bø på sprinten

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til 10.plass på sprinten etter to bom på ståande. Arkivfoto: Anders Vonheim

Johannes Thingnes Bø enda til slutt på ein 10. plass under sprinten i Nove Mesto etter å ha bomma på dei to siste skota på den ståande skytinga. Johannes låg på ein andreplass etter den liggjande skytinga, men med to bom på ståande vart det ei plassering litt lenger nede på lista på ein dag då nesten alle blant dei to beste skaut feilfritt. I mål skilde det 43,5 sek frå Johannes fram til vinnaren Jakov Fak frå Slovenia. Simon Schempp frå Tyskland tok andreplassen 12,8 sek etter vinnaren. Jean Guillaume Beatrix frå Frankrike vart nummer tre, 26 sek bak.

Tarjei Bø skaut på seg to strafferundar både på liggjande og ståande. Dermed vart det berre ein 59. plass. Han var 2min 31 sek etter vinnaren.

I morgon er det klart for jaktstart i Nove Mesto.

 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline