Karidalen 7.2.2015:

Postet av Markane IL den 7. Feb 2015

12.plass til Johan Eirik Meland på sprinten i M20-21

-Håkon Midthjell Gjørven på 17. plass i M17

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Håkon Midthjell Gjørven gjekk seg inn til ein fin 17. plass i klasse M17 på Norgescupsprinten. Arkivfoto: TSN

Norgescupen heldt fram i dag ØTS-skisenter i Karidalen med sprint. To av våre klarte å plassere seg blant dei 20 beste i si klasse.

Håkon Midthjell Gjørven gjekk seg inn til ein fin 17. plass i klasse M17 etter god skyting. På den første skytinga vart det ein bom medan den andre var heilt feilfri. I mål skilde det 2 min 1 sek fram til klassevinnaren Mathias Skrede frå Geilo IL som også hadde ein bom. Andreplassen gjekk til Øyvind Aalling Lio frå Bjerke IL, 12.1sek etter. Også han med ein bom. Magnus Bøe frå Try ILet var nummer 3 med to bom, 17.1 sek etter vinnaren. I same klassa vart også Odd Sindre Tonning nummer 47. Han var 3 min 52 sek etter med fem bom. Andreas Halsteinslid vart nummer 67, 6 min 13 sek bak med sek bom. Grim Nygård vart nummer 70, 7 min 2 sek etter med sju bom.

Johan Eirik Meland gjekk inn til ei ny bra plassering med 12. plass i klasse M20-21. Han skaut fullt på første serien og var heilt oppe på fjerdeplass ut på andrerunden. På den ståande serien kom det tre bom og dermed vart plasseringa til slutt ein 12. plass. I mål skilde det 1 min 24.7 sek opp til klassevinnaren Lars Gunnar Skjevdal frå Røros IL som berre hadde ein bom. Jonas Haarstad frå Rennebu IL skaut feilfritt og kom på andreplass, 33.7 bak vinnaren. Georg Noer Dotzler frå Fossum IF vart nummer, 42.4 sek bak med to bom.

I klassa for menn senior vart Jarle Midthjell Gjørven nummer 34 med totalt tre strafferundar. Han var 4 min 2.9sek etter klassevinnar Erling Aalvik frå Kvam Langrenn og skiskyting som berre hadde ein runde.

Gaute Bø vart nummer 55 i klasse M18. Han hadde totalt seks rundar og var 4 min 37 etter vinnaren Sturla Holm Lægreid som berre hadde ein bom. Georg Kristian Halsteinslid vart nummer 45. Han hadde fem bom og var 4 min 5 sek etter vinnaren Harald Birkeland Larsen frå Molde og Omegn IF.

I morgon er det klart for NM Mix-stafett.

 Resultatliste frå DNB Cup 5 /Statkraft jr. Cup 4 sprint Karidalen 7.2.2015.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline