Karidalen 6.2.2015:

Postet av Markane IL den 6. Feb 2015

15. plass til Johan Eirik Meland i NC fellesstart

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland gjekk seg inn til 15. plass på fellesstarten i NC/NM junior. Arkivfoto: TSN

Johan Eirik Meland vart nummer 15 i klasse menn 20-21 år då Østre Toten skilag arrangerte NC fellesstart på ØTS-skisenter i Karidalen. Johan Eirik gjorde ein god innsats på standplass med totalt 19 treff. Berre på den andre liggjandeskytinga kom det eit bomskot. Farten i sporet var litt lågare enn dei raskaste i klassa og dermed vart det ein 15. plass, 1 min 31,3 sek etter vinnaren Marius Haugum frå Bærum Skiklub. Haugum hadde tre bom. Andreplassen i klassa gjekk til Martin Femsteinevik frå Hålandsdalen, 2 sek etter vinnaren med ein bom. Simon Ågheim Kalkenberg frå Skonseng UL tok tredjeplassen, 3 sek bak med feilfri skyting. Isak Flo Bødal frå Stårheim vart nummer 12.

I klasse menn senior vart Jarle Midthjell Gjørven nummer 36 etter at det vart sju bom på dei fire skytingane på fellesstarten. Han var 6 min etter klassevinnaren Erling Aalvik frå Kvam Langrenn og skiskyttarklubb som hadde fire bom.

I klasse M19 gjekk Georg Kristian Halsteinslid inn til 35.plass. Han kom litt dårleg ut med tre bom på den første skytinga, men med feilfri skyting på andre skyting og ein bom på kvar av dei to siste gjekk han seg etterkvart bra oppover lista. I mål skilde det 4 min 16 sek fram til vinnaren Sindre Pettersen frå Nittedal IL som hadde ein bom på kvar serie.

I klasse M18 kom Gaute Bø på 50. plass. Han fekk ein bom på første skyting, to på den andre, ein bom på tredje og avslutta med ein feilfri serie. I mål var han 5 min 7 sek etter klassevinnar Harald Øygard frå Skrautvål IL som berre hadde tom bom.

I M17 vart det Håkon Midthjell Gjørven som fekk best plassering av våre med ein 46. plass. Totalt vart det sju strafferundar. Differansen fram til klassevinnaren Magnus Bøe frå Try ILet var på 6 min16,9 sek. Grim Nygård vart nummer 52 med totalt seks bom, Odd Sindre Tonning vart nummer 61 med femten bom og Andreas Halsteinslid nummer 63 med totalt ti bom.

Norgescupen held fram med sprint i morgon.

Resultatliste frå Norges Cup Fellesstart-NM jr Karidalen 6.2.2015.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.