Holmenkollen 31.1.2015:

Postet av Markane IL den 31. Jan 2015

Sigurd Fotland Fænn på 8.plass og Aksel Mathias Meland på 11. plass under Bendit Kvalfoss-sprinten

Sigurd Fotland Fænn. Foto:

Sigurd Fotland Fænn fekk best plassering av deltakarane frå MIL under Bendit Kvalfoss-sprinten 2015 med ein 8.plass i G13. Foto: Margunn Hjelmeset, 2013

I alt seks løparar frå Markane stilte opp i årets Bendit Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen i dag. I dei fleste klassane var over 100 deltakarar frå heile landet på startstreken. Både Sigurd Fotland Fænn og Aksel Mathias Meland oppnådde topp-15 plasseringar i sine klasser.

Best plassering av våre i dag fekk Sigurd Fotland Fænn i klasse G13 med ein åttandeplass. Med totalt tre bom var han 1 min 59 sek bak klassevinnaren som også var ein nordfjording, Lasse Flo Bødal frå Stårheim som berre hadde ein bom. Herman Glede Hauge frå Oslo SSL tok andreplassen i klassa, 28 sek etter vinnaren med ein bom. Tredjeplassen gjekk til Olav Stenersen frå Asker SK, 1 min 18 sek etter vinnaren med to bom. I klasse G 13 vart det også 46. plass til Oskar Guddal Breivik til trass for ein tung dag på standplass med totalt ni bom.

Også Aksel Mathias Meland hevda seg blant dei beste i si klasse med ein 11. plass i klasse G16.  Sjølv om det i dag vart totalt fem bom, skilde det berre 1 min 41 sek fram til vinnaren Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL som berre hadde to bom. Torjus Idland frå Figgjo IL tok andreplassen. Han var 56 sek etter vinnaren med to bom. Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL kom på tredjeplass, 58 sek etter vinnaren med ein bom. I klasse G16 vart det også ein 70. plass til Magnus Arntsen med totalt tre bom på standplass.

I klasse G14 vart Magnus Midthjell Gjørven nummer 102 etter ein dårleg dag på standplass med totalt åtte strafferundar og i ekstra tilleggsminutt på grunn av ein manglande strafferunde. Simon Hjelmeset Kirkeeide heldt god fart i sporet og kom på ein fin 34. plass i klasse G15 til trass for sju bom standplass. Han var  2 min 19 sek etter klassevinnar Ørjan Moseng frå Røros IL. Andreplassen gjekk til Martin Alfheim frå Bossmo og Yttern IL medan Sander Maanum Trulsen frå Vingrom IL kom på tredjeplass.

I morgon er det nye sjansar på normaldistanse.

Resultatliste Bendit Kvalfoss-sprinten 2015 Klasse G13-G14-G15-G16 Dato 31.1.2015.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline