Folldal 7.12.2014:

Postet av Markane IL den 7. Des 2014

Resultat frå Norgescupsprinten i Folldal

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland gjekk seg inn til 19. plass på sprinten i Norgescupen i Folldal. Foto: TSN

På dag to av Norgescupen i Folldal var det klart for skiskyttarsprint. Også i dag var det Jarle Midthjell Gjørven som gjekk seg inn til best plassering av våre. Med fullt hus på første skyting låg han heilt opp på ein femteplass og var tett på pallen. På den ståande skytinga kom det ein bom og dermed med eit svært jamnt felt i toppen, vart det til slutt ein 15. plass i mål. Differansen fram til vinnaren Erling Aalvik frå Kvam var på 59.6 sek. Andreplassen gjekk til Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde som var 7.7 sek bak medan Marius Norø Ingebrigtsen frå Sirdal skilag tok tredjeplassen, 15.8 sek bak.

 Johan Eirik Meland gjekk seg inn til ein 19. plass i M20-21. Etter å ha fått tre bom på den liggjande skytinga og hamna langt bak i feltet, gjekk han seg fint oppover resultatlista utgjennom løpet. Sjølv om det vart ein bom også på den ståande skytinga, gjekk han seg til slutt opp til 19. plass, 1 min 46 sek etter Vemund Ravnsborg Gurigard frå Vingrom IL som hadde to fulle hus. Andreplassen gjekk til Fredrik Mack Rørvik frå Målselvs skikyttere som var 19.2  sek bak, medan Andreas Kvam frå Meldal vart nummer tre, 26.6 sek etter vinnaren.

I klassa for M19 vart Georg Halsteinslid nummer 44 med totalt tre bom. Han var 3 min 47 sek etter vinnaren Mattis Haug frå Fet IL som skaut feilfritt. Sindre Pettersen vart nummer to. Han var 38.8 sek bak med ein runde. Jonas Uglem Mobakken vart nummer tre. Også han hadde ein runde og var 52.3 sek bak.

I klassa for M18 vart Gaute Bø nummer 52. Med ein bom på kvar av skytingane var han 4 min 20 sek etter vinnaren Aleksander Fjeld Andersen frå Geilo IL. Johannes Dale frå Fet vart nummer to, 25 sek bak. Sturla Holm Lægereid vart nummer tre. Med feilfri skyting var han 32,9 sek bak.

I klasse M17 vart også i dag Håkon Midthjell Gjørven best av våre med ein 38. plass. På standplass vart det tre bom og dermed skilde det 3 min 4 sek opp til klassevinnaren Magnus Bøe frå Try ILet. Odd Sindre Tonning vart nummer 59 med totalt seks bom. Han var 4 min 13 etter vinnaren. På plassen bak kom Grim Nygård. Han gjorde det best av våre på standplass med berre to bom og var 4 min 32 etter klassevinnaren. Andreas Halsteinslid vart nummer 62 med totalt fire strafferundar. Han var 5 min etter teten.

Resultatliste for Statkraft jr cup 1 DNB cup 2 Sprint Folldal 7.12.2014.pdf


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline