Folldal 6.12.2014:

Postet av Markane IL den 6. Des 2014

3. plass til Jarle Midthjell Gjørven på normaldistansen i Norgescupen

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven kom på tredjeplass på normaldistansen under Norgescuprennet i Folldal. Foto: TSN

 Jarle Midthjell Gjørven gjekk seg inn til pallplass på normaldistansen under Norgescupen i Folldal i dag. Med tre feilfrie skytingar og eitt tilleggsminutt på den siste ståande skytinga gjekk han seg inn til ein flott tredjeplass i klassa for menn senior. I mål var han 2 min 29 sek etter Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde IL som også hadde eit tilleggsminutt. Andreplassen gjekk til Chris Endre Haugen frå Trondhjems skiskyttere. Han skaut på seg to tilleggsminutt og var 1 min 55 sek etter vinnaren.

Johan Eirik Meland kom til slutt på 13. plass i M20/21. Han skaut feilfritt på den første skytinga. På skyting nummer to og tre vart det eit tilleggsminutt på kvar. Inn til den siste skytinga var Johan Eirik oppe på ein sjuandeplass, men med to tilleggsminutt på den siste ståandeserien vart det nokre plassar ned på resultatlista. I mål skilde det 4 min 20 sek frå Johan Eirik sin trettandplass fram til vinnaren Aslak Nenseter frå Bø SSL som skaut feilfritt. Vemund Ravnsborg Gurigard kom på andreplass. Han hadde eitt tilleggsminutt og var 1 min 30 sek etter vinnaren. Andreas Kvam frå Meldal IL tok tredjeplassen, 2 min 28 sek etter med tre tilleggsminutt.

Også i dei yngre klassane var det mange deltakarar frå Markane i sving. Fleire av dei gjekk godt i løypa, men fekk litt for mange tilleggsminutt til å hevde seg heilt i toppen denne gongen.

I klasse M19 kom Georg Kristian Halsteinslid på 46. plass. Han fekk totalt sju bom og var med det 7 min 32 sek etter vinnaren Jakob Røksund frå Fossum IF som berre hadde ein bom. Andreplass i klassa gjekk til Anders Emil Schiellerup frå Geilo IL medan Jonas Uglem Mobakken frå Oslo SSL vart nummer tre. Dei var høvesvis 42 sek og 42,9 sek etter vinnaren.

I klassa for M18 vart Gaute Bø nummer 60. Også han fekk totalt sju bom og var 10 min 3 sek etter vinnaren. Sverre Dahlen Aspenes frå Skartval skilag vart klassevinnar. Endre Strømsheim frå Bærum vart nummer to, 3 sek etter vinnaren, og Sturla Holm Lægereid vart nummer tre, 1 min 39 etter vinnaren. Alle dei tre beste hadde tre bom.

I M17 hadde MIL heile fire løparar på startstreken. Best resultat denne gongen fekk Håkon Midthjell Gjørven med ein 48. plass. Også han hadde sju bom og var med det 7 min 49 sek etter vinnaren. Odd Sindre Tonning følgde på ein 50. plass. Han var 8 min 7 sek etter med totalt ni bom. Grim Nygård vart nummer 62, med totalt sju bom var han 9 min 37 etter vinnaren. Andreas Halsteinslid vart nummer 65. Han hadde totalt 10 bom og vart med det 11 min 10 sek bak klassevinnaren. Heile 85 deltakarar var påmelde i 17-årsklassa. Klassa vart vunnen av Benjamin Skaaheim frå Skoppum IL som berre skaut to bom totalt. Rasmus Krogstad frå Try IL følgde 55 sek etter med tre bom og Magnus Bøe frå Try IL vart nummer tre, 58 sek bak.

Resultatliste for Statkraft jr Cup DNB cup 2 Normal Folldal 6.12.2014.pdf

Bilete av alle deltakarane frå Markane IL er lagt ut nedanfor. Takk til Team Statkraft Nordfjord for foto!

 

 

Johan Eirik Meland. Foto: TSN 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline