Dombås 30.11.2014:

Postet av Markane IL den 30. Nov 2014

Ny siger til Aksel Meland i Dombåsrennet

-Oskar Guddal Breivik på 3. plass

Aksel Meland og Oskar Guddal Breivik vart nr 1 og 3 i Dombåsrennet. Foto: TSN 

Aksel Meland gjekk seg inn til ein ny førsteplass under jaktstarten på Dombås i dag medanOskar Guddal Breivik gjekk seg fram til tredjeplass i klasse G13. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland gjekk også i dag til topps i Dombåsrennet klasse G16. Sjølv om det vart fire bom på første skyting og nok ein bom på den andre skytinga, heldt han unna i løypa for Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim som fekk ein bom mindre. I mål skilde det 25 sek mellom dei to. Også bronsen gjekk til Stårheim ved Sivert Myrold som var 42 sek bak med berre ein bom.

Oskar Guddal Breivik gjorde ein god jaktstart i klasse G13 og gjekk seg opp til pallplass. Med berre tre bom totalt skilde det til slutt berre 10 sek opp til vinnaren, Jakob Verdenius frå Vingelen IL som i dag fekk åtte bom. På andreplass følgde Vegard Uv Værnes frå Rennebu IL som berre var eit sekund etter vinnaren.

Emilie Flo Stavik gjekk eit nytt godt sprintløp med fin fart i løypa og berre tre bom totalt. 12-års klassen vart i dette løpet ikkje rangert.

Resultatliste Dombåsrennet jaktstart 30.11.2014. 

Emilie Flo Stavik. Foto: TSN

Emilie Flo Stavik gjekk ein god sprint i klasse J12. Foto: TSN


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline