Ullsheim 22.-23.11.2014:

Postet av Markane IL den 25. Nov 2014

Miljøsamling skigruppa 2014

Miljøsamling 2014. Foto: Margunn Hjelmeset 

Deltakarane på miljøsamlinga 2014. Foto: Margunn Hjelmeset

Helga 22.-23.november arrangerte skigruppa miljøsamling for små og store skiløparar frå Markane IL. Dette slo bra an, og til saman 30 jenter og gutar i alderen 8-16 år var samla på Ullsheim. I tillegg valde ein del foreldre også å vere tilstade på samlinga.

Programmet var tett for både små og store. Medan dei aktive trena, stilte foreldra på som trenarar og kjøkenansvarlege!

På laurdag fekk dei yngste (2003-2006) prøve rulleski -for nokon var dette fyrste gong med rullande ski under beina. Deretter gjekk dei vidare til ei bileteløype og etter lunsjen fekk dei prøve seg på ei form for nattorientering gjennom ei refleksløype.
Eldstegjengen (1999-2002) hadde sitt eige opplegg med ei god økt på rulleski før lunsj og ei kombiøkt med skyting / rulleski etter lunsj.

Vidare utover laurdagskvelden vart det tacomiddag og diverse konkurransar. Det var stor stemning i dei ulike gruppene då ein ved hjelp av tape og aviser skulle prøve å samarbeide om å byggje eit så høgt tårn som mogleg -og det beste laget her fekk til eit tårn som var godt over tre meter høgt! Imponerande!

At det trengs mykje mat etter ein slik dag er ei kjennsgjerning og på ein laurdagskveld er det lov å kose seg litt ekstra. Det var i alle fall kjekt å få servert kakao og sveler når det nærma seg leggetid.

Søndagen var alle gruppene ute på fjelltur/setretur før det heile vart avslutta med grilling i Årestova.

Ei stor takk til dykk som stilte på -både deltakarar og hjelparar. De var alle med på å bidra til at dette vart ei kjekk helg for alle!



 

 

Miljøsamling 2014. Foto: Margunn Hjelmeset


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline